Torgersensaka

Kronikken til Eirik H. Vinje om Torgersensaka (Dag og Tid 1. april) er dyster lesing. Han hevder å ikkje vilje bevise at Torgersen er skyldig, nøyer seg berre med å skrive at «Torgersen er ein hardbarka draps- og valdtektsmann», og å gjenta tre gonger at Torgersen «openbert er skuldig». Han gjer altså inga forsøk på å argumentere kvifor han meiner dette, han støttar seg utelukkande til det faktum at Torgersen framleis ikkje er reinvaska; ergo er han objektivt skuldig. Denne sirkelargumentasjonen er velkjend i justismordsaker, og advokatane er ekspertar på det. Det forhindrar ikkje at dei gong på gong tek feil.

Vinje spør: «Kva det er som får elles oppegåande menneske til å ignorera rasjonalitet og vanleg sømd for å få frikjend ein openberr mordar?» Han gir oss to svar. Éin: Vi bur i eit samfunn der det ikkje er noko å kjempe mot, derfor må vi dikte opp våre fiendar, i dette tilfellet påtalemakta. To: Støttespelarane til Torgersen har forlese seg på dårleg krimlitteratur og har derfor mista evna til å sjå openbare løysningar på ei kriminalgåte. Det siste er visstnok eit problem i samfunnet generelt, særleg i forfattarstanden! (At drapsteorien til påtalemakta (i Torgersensaka) er eit stykke slett kiosklitteratur, ser det ikkje ut til at Vinje har oppdaga.)

Så korleis skal ein gå inn i ein debatt som denne? Eg står overfor ein debattant som ikkje vil argumentere og diskutere det viktigaste spørsmålet (skuld eller uskuld), men som heller vil gjere seg skuldig i reine karakterdrap på støttespelarane til Torgersen. Eg vil starte med å stille Vinje eit motspørsmål: Kva er det som får elles oppegåande menneske til å nekte å innsjå at ein person er uskuldig dømd? Dette er eit langt større problem enn «dei einsamme riddarane i kamp for rettferd» som Vinje angrip.

Vinje tek feil når han skriv: «ei lang rekkje andre drapssaker har vorte oppheva dei siste åra med berre ein brøkdel av innsatsen». Liland blei frikjend etter 25 år med intens innsats frå ekteparet Ekroth. Fritz Moen blei nekta gjenopning av det eine av drapa han vart dømd for etter at Tore Sandberg hadde lagt ned fleire år på å få han reinvaska. Fyrst etter at ein mann tilstod på dødsleiet, fekk «den einsame riddaren» Sandberg påtalemakta til å innsjå at ho hadde teke feil. Fleire gonger. I alle rettsinstansar. Som i Torgersen-saka.

«Ingen annan tiltala i Noreg har fått prøvd saka si så grundig», skriv Vinje. Nettopp derfor er Torgersensaka interessant; ho er beviset på at det norske rettssystemet ikkje er feilfritt. Det er framleis altfor vanskeleg å få ei drapssak gjenopna i Noreg. Vinje og andre advokatar med han må snart innsjå at ein fellande dom ikkje kan brukast som bevis for at ein dom er riktig.

Ein fellande dom er derimot ein føresetnad for eit justismord. «Den norske staten gjer sjeldan overgrep, og når det vert påvist at han gjer det, vert det normalt teke ansvar», skriv Vinje. Kva for saker er det han siktar til? Kven fekk ansvaret for at Liland og Moen til saman sat 32 år i fengsel? Det dystre svaret er ingen. Like sterk som påtalemaktas evne til å «halde stand» i år etter år (noko Vinje hyllar), er evna til å vakte sine eigne i ettertid. Nokre gonger tillèt dei seg også å halde oppe tvilen om skuldspørsmålet etter at ei sak er gjenopna, med tåkelagt prat om at ein «ikkje lenger kunne bevise skuld».

Ser ein strengt på det, har norske drapssaker vorte gjenopna anten fordi ein har funne den eigentlege gjerningsmannen (Liland og Moen), fordi den dømde ikkje har vore strafferettsleg tilrekneleg (Fjell), eller fordi det ikkje har vore noko drap i utgangspunktet (Hetle). Det held ikkje rett og slett å vere uskuldig. Dette er det verkelege problemet. Det er dette advokat Vinje burde interessere seg for.

Artikkelen er et tilsvar fra Thomas Bye til Erik H. Vinjes artikkel “Torgersen-saka – den norske rettsstatens adelsmerke” i Dag og Tid. Ettersom tilsvaret ikke har blitt publisert på nettet, gjengir vi det her med forfatterens tillatelse.